Utfordrarbygda sin samfunnsplan

Her finn du Sogndal kommune sin samfunnsplan.

Les meir ↓
Illustrasjon av utfordrarbygda

Luster og Sogndal i 2040

Korleis blir framtida?

Sogndal kommune og Luster kommune har utvikla fire klimascenario for 2040. Scenarioa er laga for å diskutere konsekvensar av klimaendringar og klimapolitikk i ein lokal kontekst, på ein handgripeleg måte.

Scenarioa skal brukast for å lage ein strategi for bustad, arbeid, klima og transport. Korleis kan me legge til rette for positiv utvikling i kommunane og samstundes ta omsyn til klimautfordringa?

Utforsk scenarioa her

Våre nyaste prosjekt

Plassering av ny barneskule i Sogndal

Det skal snart fastsetjast kvar den nye barneskulen i Sogndal skal byggast. Via vår løysing for innbyggjarmedverknad kan du lese om arbeidsprosessane som pågår, sjå moglegheitsstudia for dei ulike lokasjonane, og både gi og sjå innspel til saka.
Gå til innspelssida

Me utviklar ny kulturstrategi

Strategien skal utarbeidast saman med innbyggjarane og kulturlivet, og sette mål, syne retning og operasjonalisere kulturarbeidet i kommunen i åra som kjem.
Strategien ligg no ute til høyring!
Les meir

Klimascenarier for Luster og Sogndal i 2040

Sogndal kommune og Luster kommune har utvikla fire klimascenario for 2040. Scenarioa er laga for å diskutere konsekvensar av klimaendringar og klimapolitikk i ein lokal kontekst, på ein handgripeleg måte.

Me lager ny arealplan

Arealplanen bestemmer kva som kan byggjast kvar i Sogndal kommune dei neste ti åra.

Me har testa ut ei ny løysing for innbyggjarmedverknad, og her kan du lese om arealplanarbeidet, sjå moglegheitsstudiar for tettstadene våre og sjå innspel.

Les om prosessen

Til samfunnsplanen vår ↓

Vil du lese samfunnsplanen?

Norges best samskapte plan?

Det finst mange måtar å lage planar på. I Sogndal har me tru på at dei beste tankane og ideane kjem fram om mange får vere med og seie meininga si. Derfor har me forsøkt å sette norgesrekord i medverknad når planen skulle lagast. Folkerøysta teikna eit bilete av kven me er og kva som kjenneteiknar oss, og dette biletet gjev oss posisjonen utfordrarbygda. Derfor heiter samfunnsplanen si eiga nettside utfordrarbygda.no.
Illustrasjon visjon og posisjon

Dette er oss

Sogndal har vore kjenneteikna av å vere veslebroren med dei store ambisjonane. Det gjeld klima- og brebygda Fjærland, reiselivs- og kunstbygda Balestrand, forvaltnings- og digitaliseringsbygda Leikanger, nærings- og vitebygda Kaupanger og fotball- og saftbygda Sogndal.

Visjon

Livskvalitet og utviklingskraft i Sogn

Livskvalitet fordi me vil at innbyggjarane skal kunne leve det gode liv i kommunen vår. Utviklingskraft fordi me vil vere ein kommune som skapar vår eiga utvikling, og Sogn fordi Sogndal ønskjer å bidra til ei utvikling som er større enn oss sjølve.
Foto: Opplev Leikanger

Posisjon

Utfordrarbygda?

Sogndal kommune er fylt av livskraftige lokalsamfunn som er stolte av kven dei er. Sjølv om bygdene er ulike i storleik og har kvar sin eigenart, så deler dei ein vitalitet og ein styrke. Dette gjev dei som bur der trua på at dei er i stand til å skape si eiga utvikling, trass store trendar som globalisering, urbanisering og digitalisering. Dei står i ein utfordrarposisjon og tek opp kampen med dei store.
Foto: KjeringiOpen

Verdiar

Illustrasjon samskapende

Samskapande

Samskapande betyr at me alltid skal søke å løyse oppgåvene våre saman med andre. Samskaping inneheld dessutan noko meir enn samarbeid: Det legg føringar for at det skal skje noko nytt.
Illustrasjon av open
Open
Open betyr at det skal vere openheit knytt til det me gjer. Det betyr òg at kommunen som organisasjon skal vere open for å tenke nytt, open for andre perspektiv og for dialog rundt det me gjer.
Illustrasjon nysjerrig
Nysgjerrig
Nysgjerrig betyr å vere på jakt etter dei beste løysingane, metodane og innspela. Det betyr å hugse å løfte blikket, og sjå kva som skjer rundt oss for å heile tida bidra til å utvikle oss vidare.
God
God betyr at me skal vere gode på å levere basistenestene til innbyggjarane og brukarane våre. Det betyr òg at me skal vere gode med kvarandre, sjå menneska og opptre på ein måte me kan vere stolte av.
Samfunnsmål illustrasjon

Samfunnsmåla våre

Sogndal kommune har valt tre mål som saman skildrar samfunnet me ønskjer oss i 2030. Trekanten symboliserer at samfunnsmåla utgjer rammene for det me skal gjere.
Samfunnsmål-trekant
Illustrasjon livskvalitet

Livskvalitet

Å ha livskvalitet som samfunnsmål krev at me leverer likeverdige tenester til alle innbyggjarar der folk bur. Trivsel vert skapt der ein bur, og Sogndal skal jobbe for at alle lokalsamfunna gjev rammer for god livskvalitet.
En sol

Skaparkraft

Innbyggjarane, næringslivet, frivilligheita og dei andre skapande kreftene i kommunen er den viktigaste drivkrafta for ei aktiv nærings- og samfunnsutvikling. Sogndal kommune skal gje gode krefter dei beste rammene for å realisere ei god arbeidsplassutvikling, folketalsutvikling og skaparkraft i heile kommunen.
Solsikker

Miljømedvit

Sogndal kommune skal vere ein miljømedviten kommune med klima og miljø som premiss for alt me gjer. Dette betyr at kommunen kuttar klimagassutsleppa våre, driv systematisk klimatilpassingsarbeid og har minst mogleg avfall, mest mogleg gjenbruk og ein medveten arealbruk.
Satsingsområde illustrasjon

Satsingsområde

Satsingsområda må møte utviklingstrekka våre, og samtidig vere dei som gir størst ringverknader. Kvart satsingsområde ligg innanfor ramma av dei tre samfunnsmåla livskvalitet, skaparkraft og miljømedvit, og er samla sett vurdert til å vere den beste måten å nå måla våre på.

Best på oppvekst

Dei som veks opp i Sogndal skal oppleve å vekse opp som trygge og aktive barn og unge med meistringsglede, vere rusta til å møte livet, ha mot til å leve, mot til å bry seg, mot til å seie nei og mot til å ta eigne val.
Les meir
Foto: SEFAL

Skapt for aktiv livsstil

Me skal legge til rette for at alle innbyggjarar kan ha ein aktiv livsstil. Lokalsamfunn som innbyr til aktivitetar for alle er bra for folkehelsa, trivselen til innbyggjarane og for attraktiviteten til kommunen.
Les meir
Foto: Helene Rønningstad Halsos

Kompetansemiljø i
eliteserien

Sogndal kommune skal ha kompetansemiljø på nivå med dei større byane i landet. Sterke kompetansemiljø har vore og kjem til å vere ein av grunnsteinane for folketalsauken i kommunen.
Les meir
Foto: Rocketfarm

Fruktbare tettstader

Me skal ha fruktbare tettstader for å auke trivsel, redusere klimagassutslepp og legge til rette for vekst og god stadutvikling.
Les meir
Foto: Øystein Eik Sekken

Utviklingslokomotiv i Sogn

Som regionsenter skal me tilby regionale funksjonar og vere pådrivar for regionalt utviklingsarbeid, fordi vekst og utvikling i heile Sogn også er viktig for utviklinga av Sogndal kommune.
Les meir
Foto: Sogndal fotball
Foto: Leikanger barneskule, klasse 4A

Korleis realisere innhaldet i samfunnsplanen?

Samfunnsplanen legg føringar for korleis kommunen skal drivast. Me ønskjer oss også at alle andre gode krefter brukar planen til å vere med å skape samfunnet me ønskjer oss. Her finn du planhierarkiet og føringar for arealdelen av kommuneplanen og økonomiplanen.
Les meir

Kva tykkjer du om planen?

Gje høyringsuttale her
Høyringsperioden varar til 07.05.2021