Sogndal kommune har samskaping som prinsipp for alt me gjer. Me ønskjer oss at alle gode krefter brukar planen til å vere med å skape samfunnet me ønskjer oss.

Planhierarkiet

Samfunnsplanen ligg øvst i planhierarkiet og gjeld alt kommunen gjer. I tillegg spelar den opp til innbyggjarane og alle andre aktørar i kommunen. Planen har eit ti-årsperspektiv og vert rullert kvart fjerde år. Samfunnsplanen skal etter lova ha ein handlingsdel, og i Sogndal kommune vil økonomiplanen utgjere handlingsdelen.
Arealdelen av kommuneplanen, med påfølgjande områdeplanar og detaljreguleringsplanar, set rammene for framtidig arealbruk i kommunen. Arealdelen har som hovudregel eit ti-årsperspektiv, og vert rullert kvart fjerde år.
Strategiar er politisk forankra styringsdokument. Døme er planstrategi, digitaliseringsstrategi, oppfølgingsplan for heilskapleg ROS-analyse og strategi for bustad, arbeid, klima og transport (BAKT). Strategiane gjeld som hovudregel for fire år eller meir. Planstrategien skal utarbeidast første år i kommunestyreperioden og gjeld som hovudregel ut perioden.
Økonomiplanen er ein langsiktig plan for kommunen sine økonomiske prioriteringar. Økonomiplanen gjeld for fire år og vert rullert kvart år saman med utarbeiding av årsbudsjetta.
Verksemdsplanar er administrative styringsdokument for kvart kommunalsjefområde og gjeld for eit år. Verksemdsplanane følgjer opp satsingsområda i samfunnsplanen og sikrar at kommunen følger opp gjeldande norsk lovverk innanfor alle fagområde.

Prinsipp for arealdelen av kommuneplanen

Prinsippa skal ligge til grunn for utarbeiding av arealdelen, og for områdeplanar og detaljreguleringar som følgjer etter.
Overordna planlegging
1.
Styre samfunnsutviklinga gjennom oppdaterte og framtidsretta arealplanar. Late arealdelen gjelde framfor gamle og utdaterte detaljplanar, og oppheve slike planar i samband med nye planprosessar
2.
Som hovudregel disponere arealbruk i tettstadene gjennom heilskaplege områdeplanar
3.
Utarbeide detaljplanar ut frå heilskaplege områdeplanar for utfartsområda
Utbyggingsstruktur
4.
Legge tilrette for vekst og fortetting med kvalitet i tettstadene og vedlikehaldsvekst i grendene
5.
Byggje arealeffektivt innanfrå og ut for å oppnå 5-minuttssamfunnet. Opne for forsiktig fortetting i eksisterande småhusområde som skal bevarast
Bustader
6.
Legge opp til blandabumiljø med variasjon i bustadtypar og -storleikar og gode dele- og fellesskapsløysingar. Fremje kvalitet for bustader og bumiljø, òg for hyblar. Sette grenser for minimum og maksimum storleik for bustader
7.
Ha som prinsipp at bustader brukt som hytter ikkje skal omdisponerast til fritidsbustadføremål
Utfartsområde
8.
Sikre god stadutvikling og følgje prinsipp for gode bumiljø òg i utfartsområda
9.
Konsentrere bygging av hytter til utfartsområde
10.
Som hovudregel regulere hytter som bustader eller utleigeeiningar, og unngå bruk av fritidsbustadføremålet
Biltrafikk
11.
Som hovudregel legge gjennomfartstrafikk utanom sentrum og redusere biltrafikk og parkeringsareal i sentrumskjerna
12.
Legge opptil parkering under bakken og som innfartsparkering samlokalisert med kollektivpunkt
Gange og sykkel
13.
Sikre areal til saumlause og universelt utforma gang- og sykkelvegar og snarvegar i sentrumsområda og mellom bustadområde, skular, barnehagar og fritidsaktivitetar
14.
Sikre infrastruktur for syklande
Stadutforming
15.
Sette av areal til torg og aktivitetspark i sentrumskjerna i kvar tettstad
16.
Legge til rette for arenaer og areal for eigenorganisert fysiskaktivitet, kunst, kultur, fritidsaktivitetar og arrangement
17.
Legge opp til at tettstadene får ei god estetisk utforming gjennom tilpassing til landskapet, kunst, design, arkitektur, kulturmiljø og varierte blågrøne strukturar
18.
Sørge for at offentlege grøntareal istor grad vert planta med nyttevekstar
19.
Legge tilrette for sambruk av offentlege bygg og uteområde
20.
Sette av areal til å auke kapasiteten i barnehage og grunnskule ut frå venta folketalsutvikling
Rekreasjon
21.
Sette av areal til grøne friområde tett på alle skular, barnehagar og idrettsanlegg
22.
Sette av areal til nye trenings-og rekreasjonsområde og nye anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet
23.
Legge til rette for lågterskel turvegar i naturen med universelle tilkomstar og opne snarvegar
24.
Sikre tilkomst til strandsona og legge til rette for nye ferdselsvegar langs fjorden og vassdraga
25.
Unngå uheldig bygging i strandkanten. Plassere ønska tiltak i strandsona samla og oppmode om fellesskapsløysingar for å sikre allmenn tilkomst til fjord og vassdrag, landskapskvalitetar og naturmangfald, og for tilpassing til klimaendringar
26.
Legge til rette for kvile- og møteplassar i sentrum og langs ferdselsvegar
Landbruk
27.
Unngå bygging på matjord i heile kommunen og unngå ulemper for landbruket ved bygging og tiltak
28.
Sikre gjenbruk av matjord og prioritere andre grøne føremål ved omdisponering av landbruksareal
29.
Opne for at landbruksareal som ikkje er i aktiv drift vert tilgjengeleg som parsellhagar
Naturmangfald
30.
Legge til grunn eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfald ved vurdering av endra arealbruk
31.
Bruke arealbudsjett for å synleggjere omdisponering av grøntareal og behovet for nye byggjeføremål
Klima
32.
Førebyggje mot risiko og sårbarheit ut frå ein godt forankra heilskapleg ROS-analyse
33.
Oppmode om fossilfrie byggjeplassar, klimavenleg materialbruk og bruk av fjordvarme ellerandre klimavenlege energiløysingar i eigne og eksterne byggjeprosjekt

Føringar for økonomiplanen

Føringane for økonomiplanen summerer opp alle aktivitetar i satsingsområda med betydelege konsekvensar for investeringar og drift. Lista skal fungere som ei sjekkliste i arbeidet med økonomiplanen. Prioriteringar og konkretiseringar av drifts- og investeringsbehova må såleis gjerast i økonomiplanprosessen, inkludert vurderingar kring personalressursar i administrasjonen.
a.
Områdeplanar for tettstadene
b.
Bustadinvesteringar
c.
Nye og oppgradering av barnehagar og skular
d.
Torg og aktivitetsparkar
e.
Møteplassar for ungdom
f.
Frivilligsentralar med utlånsordningar
g.
Subsidiering av tilbod for utsette grupper 
h.
Rekreasjonsområde, aktivitetsanlegg, fjordstiar, turvegar, treningsområde, leikeplassar, kvileplassar og møteplassar
i.
Infrastruktur for gange og sykkel
j.
Parkeringsanlegg
k.
Veginvesteringar
l.
Sognepunkt – infrastruktur for parkering, informasjon, toalett mm.  
m.
Anlegg for fjordvarme eller andre klimavenlege energiløysingar
n.
Digitale verktøy for tilsette og innbyggjarar
o.
Utbygging av 5G i regionen 
p.
Regionale utviklingsprosjekt