Ta initiativ til etablering av eit nettverk som har som mål å få status som nasjonalt klyngeprogram (NCE) med fokus på koplinga mellom forsking, utvikling og forvaltning av reiselivsnæringa som berekraftig nærings- og samfunnsutviklar
Bidra til at reiselivet sin status som distriktsnæring og distriktspolitisk verkemiddel vert styrka i departement og på fylkesnivå
Styrke samarbeidet i Sogn på reisemålsutvikling gjennom dei verkemidla som kommunane eig i lag
Ta initiativ til gode og relevante fellesprosjekt mellom kommunen, Visit Sognefjord, SognNæring, Distriktssenteret, Vestlandsforsking og HVL for å auke kunnskapen og forståinga for kva som skapar meirverdi for lokalsamfunnet
Vere ein profesjonell og aktiv bestillar av utviklings- og infrastrukturtiltak som legg grunnlag for at aktørane i reiselivsnæringa får rom til å utvikle seg vidare
Sørge for at reiselivsnæringa vert utvikla i alle delar av kommunen, med særlege og målretta satsingar der reiselivet kan bidra til å oppretthalde tenestetilboda og naudsynt infrastruktur