Me lagar ny kulturstrategi!

Sogndal kommune vedtok ny samfunnsplan sommaren 2021, der kultur vart tydeleg adressert på eit overordna nivå. Utval for samfunnsutvikling følgde opp planen med å bestille ein kulturstrategi på etterjulsvinteren 2022. Arbeidet med å utforme denne strategien skal gjennomførast denne hausten.

Under kommuneplanen skal det slik utarbeidast ulike strategiar. Slike strategiar har eit klart formål, omtalar sentrale utfordringar, og fokuserer på satsingsområde eller hovudmål, vegval og strategiar. Med andre ord er det ikkje i strategien ein finn konkrete tiltak. Dei kjem att i handlingsplanar og budsjett.

Dette tyder at kulturstrategien som no skal utarbeidast skal ramme inn arbeidet med kultur i kommunen, både i innhald, omfang og arbeidsmåte. Strategien skal utarbeidast saman med innbyggjarane og kulturlivet, og sette mål, syne retning og operasjonalisere kulturarbeidet i kommunen i åra som kjem.

Strategiutkast for kultur ligg no til høyring fram til 22.november:
Kulturstrategi for Sogndal kommune 2023-2025.pdf

I tillegg er det arbeidd fram eit utkast til strategi for samfunnsutvikling og frivilligheit:
Strategi for samfunnsutvikling og frivilligheit i Sogndal kommune 2023-2025.pdf

Nedst på denne sida finn du skjemaet du kan bruke til å sende innspel.

Plan for prosessen

August

Arbeidet tek til med det fyrste av to temamøte 30. august. Begge møta kombinerer innspel frå eksterne innleiarar med såkalla kafédialog, der alle vert invitert til å bidra.

Tema denne dagen omhandlar dei kommunale tenestene, framtidas bibliotek, utvikling av det regionale kulturhuset og Sogn kulturskule.

September

Veka etter, den 6. september, er neste temamøte lagt til Balestrand.

Tema denne dagen er korleis vi skal utvikle tettstadane våre, kulturminna som utviklingsressurs, samt drøfting av nye fenomen som td. gatekunst.

Oktober

I oktober skal det gjennomførast 5 lokale innspelsmøte. Tema på desse møta blir endeleg fastlagt seinare, men i alle møta skal vi sjå kulturstrategien opp mot lokale tilhøve.

November og desember

Planen er at utkast til kulturstrategi kjem på høyring i perioden 3.­–22. november. Kommunestyret får strategien til handsaming i møtet 15. desember.

Medverknad

Arbeidet med å utarbeide strategien skal tuftast på medverknad, og bygge vidare på erfaringane frå arbeidet med tidlegare plan- og strategiprosessar i Sogndal kommune.

Verdiane samskapande, open, god og nysgjerrig skal ligge til grunn for både innhaldet i strategien, og prosessen med å utarbeide den.

Strategien skal ha tydelege referansar til samfunnsplanen sine mål og strategiar.
Illustrasjon av kalender

Aktivitetar

Temamøte

Framtidas bibliotek, det regionale kulturhuset, Sogn kulturskule.

Dette møtet vart gjennomført tysdag 30. august. Du kan lese programmet her, og sjå opptak frå møtet her.

Innleiarane sine presentasjonar:
Torkel Øien, "Framtidas kulturskule"
Mona Myrland, "Biblioteket som samskaper"
Mira Mertens, "På kanten av kulturen, KU.BE"
Denne korte videoen er eit lynkurs i korleis vi kan utvikle kulturskulen. Kanskje kan vi også tenkje slik når det gjeld andre kommunale tenester?

Kunstbygdene i Sogn, kulturminna som utviklingsressurs og nye kunstformer

Dette møtet vart gjennomført tysdag 6. september. Du kan lese programmet her, og sjå opptak frå møtet her.
Innleiarane sine presentasjonar:
Torkjel Solbraa, "Korleis ta sentrum i bruk"
Nanna Løkka, "Kulturbasert stadutvikling, kulturminna som ressurs"
Trude Knutzen Knagenhjelm, "Kulturminne og kulturmiljø i Sogndal kommune –har desse ei rolle i den lokale stadutviklinga?"
Viktor Rakov Gjengaar, "Korleis jobbe med gatekunst"
Bård Sødal Grasbekk, "Gode stader, fellesrom og møteplassar"

Lokale innspelsmøte

Innspelsmøte 1

Tysdag 04. oktober
Bygdahuset Fjærland
19.30 - 21.30

Innspelsmøte 2

Torsdag 06.oktober
De Heibergske samlinger, Kaupanger
18.00 – 20.00

Innspelsmøte 3

Måndag 17.oktober
Ungdomshuset Leikvang, Leikanger
18.00 – 20.00

Innspelsmøte 4

Tysdag 18. oktober
Kulturhuset, Sogndal
18.00 – 20.00

Innspelsmøte 5

Torsdag 20. oktober
Bygdahuset, Balestrand
18.00 – 20.00

Innspel til strategiarbeidet

Strategiprosessen vil vektleggje det som kjem fram på tema- og lokale innspelsmøte. I tillegg kan du heile vegen gje innspel til strategiarbeidet, som framlegg til sentrale utfordringar, satsingområde eller hovudmål, vegval og strategiar.

Endeleg framlegg til kulturstrategi vert lagt ut på høyring i perioden 3. til 22. november.

Gje innspel til
strategiarbeidet

Send tilbakemelding →