2023-2025

Strategi for samfunnsutvikling og frivilligheit

Dei fem satsingane

Strategien for samfunnsutvikling og frivilligheit skal ramme inn samfunnsplanen sine føringar for området. Både utviklingslokomotiv i Sogn, kompetansemiljø i eliteserien og fruktbare tettstadar har fleire punkt som vert ramma inn og sett i system i oppfølginga av denne strategien. I tillegg er kvilar hovudansvaret for å følgje opp satsinga skapt for aktiv livsstil til denne strategien. Slik tek ein føringar frå overordna planverk, set retning og skapar handling.

Utforsk satsingane ↓

Stadutvikling og mobilitet

Dei aller fleste av innbyggjarane har kvardagsliva sine knytt til ein av tettstadane i kommunen, også dei som bur i omlandet til tettstadane.

Desse utgjer dermed ei viktig fysisk ramme for kvardagsliva til folk, som i neste omgang legg premissane for gode lokalsamfunn som er fylt med innhald.  Denne satsinga handlar om dei fysiske rammene, og korleis me legg til rette for at innbyggjarane kan bruke dei og nå dei.

Tiltak 1
Medspelar for frivillige byggeigarar
Mange lag og organisasjonar eig bygg, mange av dei er hjartet i sine lokalsamfunn – andre har vore det tidlegare. Felles for dei alle er at byggeigarrolla har blitt mykje tyngre å bære dei siste tiåra. Kommunen har fleire roller og ressursar som kan gjere eigarrolla lettare å aksle.

Ein kan få hjelp til å søke på ulike støtteordningar, bygge nettverk mellom dei som delar same utfordring og det finst god byggteknisk kompetanse i kommunen som kan hjelpe i ulike samanhengar. Sogndal kommune skal sette dette arbeidet i system, og bli ein viktig og føreseieleg samarbeidspart for desse byggeigarane.
Tiltak 2
Samspel og sambruk av fasilitetar
Innbyggjarane treng ein kommune som er tydeleg til stades i tettstadane med publikumsfunksjonane sine. I eit samspel mellom biblioteka, frivilligsentralane og innbyggjarvert- funksjonen kan ein møte dette på ein heilt ny måte.

Gjennom perioden som strategien skal gjelde for vil ein gradvis jobbe fram nye lokalitetar for desse samla tenestene. Her skal frivilligheita takast med på råd, med mål om å forme dei på ein måte som også møter dei lokale behova for fysiske fasilitetar – frå møterom til samlingsstadar.
Tiltak 3
Tettstadar som er forma for aktivitet
Måten ein tettstad vert planlagt på er med på å gjere aktivitet mogeleg – og endå betre: Enkelt.

Samfunnsutviklingsperspektivet, og dei lokale behova, skal ha ein tydeleg plass i planlegginga og utforminga av tettstadane framover. Bustadutvikling og møteplassar skal vere tilpassa og tilgjengelege for alle grupper innbyggarar. Den organiserte aktiviteten vert nærare omtala under satsinga idrett og anlegg, i tillegg skal fasilitetar for eigenorganisert aktivitet løftast. Ein god tettstad er attraktiv å opphalde seg i heile døgnet, og for alle grupper.

Levende lokalsamfunn

Godt planlagde tettstadar gjev nødvendige rammer, men dei vert ikkje levande før dei vert fylt medaktivitet. Kommunen skapar aktivitet i eigen regi, der kulturfeltet er den viktigaste bidragsytaren. Resten vert skapt av frivillige lag og organisasjonar og av innbyggjarane. Denne satsinga skal bidra tilat Sogndal kommune vert ein god medspelar for dei som ynskjer å fylle lokalsamfunna sine med liv, røre og aktivitet.

Tiltak 1
Hjelp til å skape aktivitet
Lagsarbeid og anna frivillig innsats er overskotsaktivitet for dei fleste. Tilbakemeldingane frå lag ogorganisasjonar er tydelege på at ein ynskjer kommunen som ein aktiv medspelar, som delar på dei ressursane og den kompetansen ein har. Det strekk seg frå hjelp til å finne støtteordningar, skrivesøknadar til rådgjeving og hjelp knytt til bygg og jus.

Sogndal kommune skal sette heile det samlaarbeidet med å gje god hjelp i system, og etablere gode samspel med frivilligheita.
Tiltak 2
Skape gode møteplassar
Det ligg eit stort potensiale i å snakkast på tvers av frivillige lag og organisasjonar. Mange jobbar medliknande prosjekt, og fleire ser ofte dei same utfordringane. Eit prosjekt som kan opplevast som altfor stort for eit enkelt lag, kan vere lettare å løfte i lag.

Sogndal kommune skal ta initiativ til og skape gode møteplassar for dialog – på tvers mellom dei frivillige, og mellom frivilligheita og kommunen.
Tiltak 3
Bidra til felles infrastruktur
Store delar av lag- og organisasjonslivet har like behov for ulike typar infrastruktur, frå gode informasjonskanalar om det som skjer av aktivitetar, til tilgang på møterom med moderne fasilitetar. Kva skjer-appen er eit døme på ein slik infrastruktur, som oppstod etter dialog mellom kommune og frivilligheita.

Sogndal kommune skal sette dette arbeidet i system framover, og jobbe aktivt med å søke gode fellesløysingar som kjem mange frivillige lag og organisasjonar til gode.
Tiltak 4
Samspel med lokalsamfunna
Kvart enkelt lokalsamfunn er unikt, og vil trenge å bli møtt på sine premiss. Sogndal kommune skalsaman med dei ulike lokalsamfunna finne og ta i bruk gode måtar å jobbe i lag på. Gjennom dessestrukturane skal ein løfte opp problemstillingar og mogelegheiter til kvarandre, og finne gode måtar å gripe fatt i dei enkelte lokalsamfunna sine behov på.

Kommunen skal møte frivilligheita på einkoordinert og sams måte, og sektoren for samfunnsutvikling, kultur og innovasjon har eit særlegansvar for å jobbe med å bygge godt samspel mellom alle sektorane i kommunen og frivilligheita.

Idrett og anlegg

Dei tre tidlegare kommunane hadde alle anlegg for idrett som er mykje brukt, og viktige forlokalsamfunna sine. Det har vore ulik praksis knytt til eigarskap og drift av desse anlegga, og det behov for ein gjennomgang for å gje grunnlag for å etablere ein ny praksis, som legg prinsippet om likebehandling til grunn.

Kommunen har lange tradisjonar for samhandling med idretten om anlegg, og det er viktig å ta vare på og bruke dei formelle strukturane som er etablert.

Tiltak 1
Maksimere spelemiddelordninga
Spelemiddelordninga er svært viktig for anleggsutviklinga i kommunen. Samstundes er den teknisk innretta, og kan opplevast som krevjande å forstå.

Sogndal kommune skal drive eit arbeid som aktivt hjelper lag og organisasjonar som ynskjer å utvikle anlegg som kjem inn under spelemiddelordninga, og nytte forskotteringsordningane til å sikre rask realisering.
Tiltak 2
Treffsikre tilskotsordningar
Innbyggjarane treng ein kommune som er tydeleg til stades i tettstadane med publikumsfunksjonane sine. I eit samspel mellom biblioteka, frivilligsentralane og innbyggjarvert- funksjonen kan ein møte dette på ein heilt ny måte.

Gjennom perioden som strategien skal gjelde for vil ein gradvis jobbe fram nye lokalitetar for desse samla tenestene. Her skal frivilligheita takast med på råd, med mål om å forme dei på ein måte som også møter dei lokale behova for fysiske fasilitetar – frå møterom til samlingsstadar.
Tiltak 3
Samarbeid om idrettsbygg og-anlegg
Dei tre gamle kommunane hadde ulike måtar å rigge samarbeidet med idretten om bygg og anlegg. Det er behov for å få ein heilskapleg og god oversikt på no-situasjonen, og finne ein veg vidare som sikrar at dette vert gjort på ein berekraftig og rettvis måte.

Friluftsliv og livskvalitet

Mykje av Sogndal sin profil har dei siste åra vore knytt til friluftslivet – både sommar og vinter. Det er særskilt adressert i samfunnsplanen, som ein viktig føresetnad for samfunnsmålet livskvalitet, og i fleire av satsingsområda – spesielt skapt for aktiv livsstil.

Friluftslivet i Sogndal skal ikkje berre handle om toppturar og laussnøkøyring, men òg om kvardagsfriluftslivet som startar i sentrum eller der folk bur.

Tiltak 1
Friluftsliv som ressurs for stadutvikling
Ein fruktbar tettstad i Sogndal kommune skal ha ein tydeleg friluftslivsprofil, og arbeidet med å informere om og legge til rette for friluftsliv skal vere ein integrert del av arbeidet med stadutvikling. Her ligg det eit stort potensiale i å kople friluftsliv, kulturminne, planarbeid og måten kommunen forvaltar grønt- og parkområda på. Dette arbeidet skal settast i system, slik at friluftslivet vert ein viktig ressurs i stadutviklingsarbeidet.
Tiltak 2
Bidra til god tilrettelegging for friluftsliv der folk bur
Dei viktigaste friluftslivsmogelegheitene er dei som blir mest bruk. Friluftslivet skal i Sogndal kommune vere lett å ta i bruk for alle grupper – også for dei som treng tilrettelegging.

Det skal lagast eigne planar for å utvikle nærturar og nærfriluftsliv i alle tettstadane, som skal koplast på dei eksisterande løypenetta som ligg nær tettstadane.
Tiltak 3
Samarbeid med grunneigarar og frivillige
Skal ein lukkast med god tilrettelegging for friluftslivet er ein avhengig av å samskape med andre. Sogndal kommune skal jobbe på ein måte som løyser ut og bidreg til at frivillige kan ta del i arbeidet på sine premiss.

I tillegg skal ein ha som prinsipp å søke gode samarbeid med grunneigarane, og ta ei rolle som sikrar at grunneigarane sine interesser vert tekne på alvor.

Miljø og klima

Miljø- og klimaarbeidet i ein kommune er omfattande, og må jobbast med på tvers av heileorganisasjonen. I Sogndal kommune har ansvar for å følgje opp føringane frå samfunnsplanen, og bidra til utsleppsreduksjon, bevare sårbar natur og tilpasse oss eit klima i endring.

I tillegg skal Sogndal kommune ta ei aktiv rolle med å påverke lokalsamfunnet til å gjere mest mogeleg miljømedvitne val, slik at heile samfunnet er med å bevegar oss i retning av Parisavtala sine mål.

Tiltak 1
Ha god og oppdatert kunnskap
Den viktigaste føresetnaden for å gjere gode klima- og miljømedvitne val er å ha oppdatert kunnskap og innsikt. Det må jobbast systematisk med å få fram eit kunnskapsgrunnlag som gjev innsikt, og denne innsikta må delast og gjerast kjent – både internt i organisasjonen, og i samfunnet rundt oss.
Tiltak 2
Teste og utvikle måtar for å skape miljømedvit i samfunnet
Det finst ingen fasit på kva som må gjerast for å bevege verda i rett retning for å handtere klima- og miljøutfordringane.

Sogndal kommune skal vere nysgjerrig på ulike måtar å jobbe på for å skape miljømedvit i lokalsamfunnet, og jobbe saman med andre for å bygge arbeidet på oppdatert og riktig kunnskap, og for å ta i bruk det som ein kan lære frå andre.
Tiltak 3
Vere ein miljømedviten bestillar og forvaltar
Kommunen har stor indirekte påverknadskraft i måten ein gjere innkjøp på, og gjennom krava som vert stilt til dei ein skal samarbeide med. Dette gjeld også i rolla som forvaltar, der regelen skal vere at ein alltid vel det mest miljømedvitne alternativet der det er mogeleg.

Samfunnsutvikling og frivilligheit i tettstadane

Føringane for dei fem satsingane skapar ei heilskapleg ramme for arbeidet med samfunnsutvikling og frivilligheit i heile kommunen. I tillegg har Sogndal fem tettstadar som har sine ulike kvalitetar og særpreg. Strategien må vere relevant for kvar enkelt av desse. Dette siste kapittelet skal sette eit ambisjonsnivå for korleis Sogndal kommune og den enkelte tettstaden skal fylle samspelet om samfunnsutvikling og med frivilligheita i kvar enkelt tettstad sin kontekst.

Fjærland

Fjærlandssamfunnet har lange tradisjonar for eit reiseliv som er tett kopla til naturen. Potensialet i å få eit lokalsamfunn som har liv og som brukar besøkande til å bygge lokalsamfunn gjennom heile året er viktig å jobbe vidare for Fjærland. Samfunnsutviklinga i Fjærland krev andre modellar og andre løysingar enn dei andre tettstadane i kommunen, med større grad av nysgjerrigheit på kva som kan utforde tradisjonelle måtar å tenke på. Frivilligheita står sterkt i Fjærland, og gjev eit fantastisk utgangspunkt for å skape ei utvikling i lag.

Leikanger

Leikanger har sterke lokale organisasjonar som bidreg til å skape gode lokalsamfunn. Leikanger utmerkar seg særleg på å ha institusjonalisert ei rekkje arrangement, som er blitt viktige identitetsmarkørar for lokalsamfunnet. Ved å samle og koordinere dei kommunale hjelparane lett tilgjengeleg på Saften vil ein kunne løyse ut endå meir samskaping. Leikanger har også eit rikt utgangspunkt for friluftsliv som ein del av tettstadutviklinga.

Balestrand

Balestrand har over tid hatt eit tilretteleggingsarbeid for friluftsliv som er blitt lagt merke til i nasjonal samanheng. Spesielt koplinga mellom tilrettelegging for friluftsliv og skog- og naturforvaltning er unik, og eit døme til etterfølging i resten av kommunen. Dette må byggast vidare på, og haldast ved like i det vidare arbeidet. I Balestrand vil det vere stort potensiale i å samle publikums- og innbyggjartenestene i Holmatunet, og kople det tett på etableringa av frivilligsentral og frivilligheita sine behov lokalt.

Sogndal

Sogndal er regionsenter, og skal fylle den rolla i tillegg til å vere eit godt lokalsamfunn for dei som bur der. Også her vil ein oppnå endå meir ved å samle og koordinere dei kommunale hjelparane, og bruke kulturhuset til å skape ei god ramme rundt kultur og frivilligheit. Sogndal har i tillegg mange nærnaturområde som kan utviklast vidare. Det andre viktige tyngdepunktet i Sogndal er området Campus – Kvåle, som vil fyllast med endå meir infrastruktur i åra som kjem. Dette må gjerast i opne og behovsorienterte prosessar, som tek frivilligheita med i arbeidet.

Kaupanger

Kaupangersamfunnet har over lang tid teke sterkt eigarskap til eiga utvikling. Både næringsliv, lag og organisasjonar og eldsjeler i samfunnet jobbar heile tida med å vidareutvikle lokalsamfunnet sitt til det betre. Kaupanger er også eit verdifullt område for mange former for friluftsliv, der kommunen i større grad enn til no kan gå inn og vere ein aktiv medspelar.

Bakgrunn

Vegen til strategien

Det første strategiske styringsdokumentet som vert vedteke av det nye kommunestyret var strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling. Dette har sett retning for arbeidet, og har lege til grunn for ei målretta satsing på feltet. Det har resultert i eit spissa arbeid med å bidra til arbeidsplassvekst i regionen gjennom Sogn Næring. Det har også gitt retning for samfunnsutviklingsarbeidet i regi av eigen organisasjon – som til no har resultert i over 10 millionar kroner i ekstra satsingar for samfunnsutviklinga i Sogndal gjennom eksterne tilskot.

Sidan sommaren 2022 er samfunnsutvikling, kultur og innovasjon blitt eit eige kommunalsjefområde, og tenesteeining for nærings- og samfunnsutvikling har fått ny innramming som tenesteeining for samfunnsutvikling og frivilligheit. Her samlar ein kreftene knytt til frivilligheit og samfunnsutvikling. Strategi for samfunnsutvikling og frivilligheit rammar inn dette arbeidet i tida framover.

Arbeidet med strategien vart starta i september 2022, og er ei rullering av tidlegare strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling. Den vert utarbeidd parallelt med kulturstrategien, og byggjer på same måte som den på føringane frå samfunnsplanen som vart vedteken i juni 2021. I oktober vart det gjennomført fem innspelsmøter i form av lokale arbeidsverkstadar – ein i kvar av tettstadane. Dette var fellesøkter med arbeidet med kulturstrategien, og møta er oppsummerte i eit eige dokument som ligg tilgjengeleg på utfordrarbygda.no.

Utval for samfunnsutvikling har vore styringsgruppe for arbeidet, medan aktivitets- og friluftsrådet har vore prosjektgruppe og bidrege til å forme innhaldet saman med administrasjonen.

Om dokumentet

Kvifor ha ein strategi?

Ein strategi er i denne samanhengen definert som ei innramming av kva overordna føringar og prinsipp som skal ligge til grunn for Sogndal kommune sitt arbeid med samfunnsutvikling og frivilligheit. Det skal sette retning, og gje grunnlag for at Sogndal kommune – og alle andre som ynskjer å bidra i samspel med dei – kan finne retning og forstå kva roller dei ulike aktørane har. Det skal vere kort, poengtert og konsist, og eigna til å bli brukt som eit arbeidsverktøy gjennom året.

Kommunedirektøren vil utarbeide årvisse handlingsplanar for å følgje opp strategien, og sette handling bak det som står der. Denne handlingsplanen vil saman med strategien tene som grunnlag for styringsdialogen mellom politisk- og administrativt nivå gjennom året, og adressere råda og andre eksterne aktørar der det er behov for det.

Overordna

Kva tek me med oss frå samfunnsplanen?

Sogndal kommune har skaparkraft, livskvalitet og miljømedvit som overordna samfunnsmål. Alt me gjere skal bidra til å nå desse måla. I tillegg skal ein leve etter verdiane samskapande, open, god og nysgjerrig (SOGN).

For samfunnstutvikling og frivilligarbeidet betyr det å ha samskaping med andre som prinsipp for alt me gjer. Det betyr å vere open for nye måtar å jobbe og tenke på – å alltid søke neste praksis. Det betyr å vere god på å levere på samfunnsoppdraget, og å vere gode med dei me skal løyse det ilag med. Og det betyr å vere nysgjerrig på me kan lære av andre, kva innbyggjarane og lokale lag og organisasjonar har behov for, slik at innbyggjarane og brukarane av tenestene alltid står i sentrum for alt me gjer.

Sogndal kommune skal søke å bli opplevd som ein tydeleg, profesjonell og god samarbeidspart for dei rundt oss.

Kva legg me i samfunnsutvikling?

Samfunnsutvikling er eit omgrep som famnar vidt. I denne samanhengen handlar det om å bruke lokalsamfunnet og kommunen sine ressursar til å skape best moglege lokalsamfunn og tenester for å leve opp til samfunnsplanen sine mål om skaparkraft, livskvalitet og miljømedvit.

Samfunnsutviklarrolla har fått tydelegare adressering i ny kommunelov av 2018, og utgjer innramminga rundt samfunnsoppdraget til kommunane. For ein kommune handlar det også om å vere tett på innbyggjarane og lokalsamfunna, om å forstå dei ulike behova og utfordringane som innbyggjarane kjenner på i sine kvardagar.

Gjennom å jobbe slik byggjer ein kunnskap om innbyggjarperspektivet, kunnskap som også må delast med andre. Difor handlar samfunnsutvikling også om at kommunen har dedikerte ressursar som bidreg til at heile kommunen, frå helse, omsorg og oppvekst til plan og teknisk, jobbar på ein måte som gjev best mogeleg samfunnsutvikling gjennom måten tenestene blir leverte på.

Samfunnsplan

Norges best samskapte plan?

Det finst mange måtar å lage planar på. I Sogndal har me tru på at dei beste tankane og ideane kjem fram om mange får vere med og seie meininga si. Derfor har me forsøkt å sette norgesrekord i medverknad når planen skulle lagast. Folkerøysta teikna eit bilete av kven me er og kva som kjenneteiknar oss, og dette biletet gjev oss posisjonen utfordrarbygda.

Sjå plan →
Illustrasjon av utfordrarbygda