Områdereguleringsplan Rutlin/Ulvahaugen

Bakgrunn

Kva er ein områdereguleringsplan?

Sogndal kommune v/ Plan og forvaltning har engasjert Asplan Viak i arbeidet via ein anbodskonkurranse, og me skal saman med god medverking og politisk forankring utarbeide ein områdereguleringsplan for Rutlin/Ulvahaugen.

Ein områdereguleringsplan skal avklare hovudstrukturane og prinsippa for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i eit større område, og/eller legge rammer for videre detaljering. Det er på Rutlin/Ulvahaugen stilt krav om områdeplan i Sogndal kommune sin arealdel.

Størrelsen på planområdet er om lag 155 dekar. Forslag til planområdet er avgrensa langs yttersida av Trolladalen og Lunnamyri – undersida av grøntareal på Haugen–langs Rutlinslid – ned langs Leitevegen- Prestadalen.

Sjå planområdet på arealplaner.no
Mål

Sogndal kommune ønskjer å utvikle Rutlin til ein del av tettstaden med relativt høg tettheit, gode bukvalitetar og stader der folk kan møtast

Rutlin/Ulvahaugen skal med dette målet bli eit bustadområde med relativt høg tettheit, god arkitektur med livsløpsstandard, i eit utbyggingsmønster som skapar gode uteområde der ulike menneske kan møtast. Bustadområdet ligg i gangavstand frå Sogndal sentrum, og det kan vere aktuelt å opna for etablering av bustad tilknytt næring, til dømes kafé og nærbutikk og tenesteyting.

Overordna

Sentrale oppgåver i planarbeidet

Sentrale oppgåver i planarbeidet er å legge rammer for eit overordna utviklingsgrep som bygger opp under målet:

  • Legg til rette for bustadområde med høg tettheit og variasjon i storleik
  • Legg til rette for ulike bygningstypar tilpassa området, som gir ein blanda gruppe busette
  • Styrkar og tek i vare eksisterande naturkvalitetar, grøntstrukturar og område for leik
  • Avklarar sentral infrastruktur
  • Knyt saman ny og eksisterande gang- og sykkelvegsamband
  • Klimavennlege material med god estetisk utforming
  • Klimavennlege løysningar ift. overvasshandtering
  • Plassering av bygg/byggestruktur i forhold til vind og mikroklima
Dokument i planarbeidet

Planprogram

Sogndal kommune v/ Plan og forvaltning har saman med Asplan Viak laga eit planprogram, som blei lagt ut på høyring 24.mars 2023, samstundes som det vart varsla om oppstart av planarbeid.

Planprogrammet blei vedteke i Plan- og forvaltningsutvalet 7.juni 2023. Dei som er interesserte i avstemmingane og detaljane i vedtaket som vart gjort, kan lese protokollane frå møte. Dei finn viss du trykker her.
Planprogrammet skal tydeleggjere premissar og rammer for planoppgåva, fastsette om forhold må konsekvensutgreiast, og kva plantema som skal vurderast nærmare i planforslaget. Det er også eit verktøy for å sikre medverknad og avklare problemstillingar på eit tidleg tidspunkt i planarbeidet.

Klikk her for å lese planprogram-dokumentet

Stadsanalyse

I samband med områdeplanarbeidet har det blitt utarbeidd ein stadanalyse for planområdet. Målet med analysen er å:
- gje eit betre grunnlag og forståing for området, som igjen skapar betre dialog
- få eit godt rammeverk for gode, stadstilpassa prosjekt - identifisere relevante kvalitetar og føringar

Stadanalysen er eit resultat av tverrfagleg samarbeid, der fag som kulturminne, lokalklima, landskap, trafikk og biologi (naturmangfald) har vore involvert. Rapporten har ei samla tilråding til slutt og skal seinare kunne brukast som ein kunnskapsbank i detaljplanar og byggjesaker.

Klikk her for å sjå stadsanalysen

Lokalklimarapport

Ved å ta omsyn til lokalklimaet kan ein optimalisere opphaldskvaliteter i eit område både med tanke på energi, miljø, trivsel og helse. Undersøking i forkant kan avdekke utfordrande forhold før bygging slik at uventa kostnader blir unngått i ettertid, og er slik sett eit ledd i en langsiktig tankegang.

I arbeidet med områdereguleringsplan for Nestangen har difor Asplan Viak på vegne av Sogndal kommune, utarbeidt ein lokalklimaanalyse.

Klikk her for å sjå lokalklimarapport

Medverknad

I tillegg til planprogrammet er det laga ein plan for medverknad. Planen for medverknad skildrar korleis medverknad er planlagd organisert og gjennomført i samband med områdereguleringsplanen. Planen er dynamisk, og det vil kunne bli gjort endringar og tilpassingar undervegs i arbeidet.

Klikk her for å sjå plan for medverknad

Ope medverknadsmøte

Stad. Baloboksen, Kulturhuset Sogndal
Tidspunkt: kl.18-00-20.00
Dato: 31.oktober

Sogndal kommune inviterte tysdag 31.oktober til ope medverknadsmøte for områdereguleringsplan Rutlin-Ulvahaugen. Det møtte opp over 50 personar – både naboar, arkitektar, utbyggjarar og grunneigarar. På møtet ble det presentert rammer, mål og framdrift for områdeplanen. Asplan Viak, presentere og 3 konseptskisser som har blitt utarbeida i lag med kommunen. Konseptskissene er grove skisser som er utarbeida med bakgrunn i planprogrammet sine mål og rammer, men og møter kommunen og Asplan Viak har hatt med grunneigarar og personar som er definert som «interne aktørar». Skissene er ment å gje føringar og rammar for vidare planarbeid, som t.d. kor ein skal leggje til rette for utbyggingsareal, infrastruktur, type utnytting m.m. Innspela frå medverknadsmøte blir samla i eit referat.

Frist:
Om du ønskjer å gje skriftlege innspel til konseptskissene, send ein e-postmelding til ane.janzy.yde.aasen@sogndal.kommune.no eller postmottak@sogndal.kommune.no innen 5. november.

Innspela blir ikkje besvart eller merknadsbehandla, men vil bli lagt ved når saka skal opp til politisk prosessvedtak.

Presentasjon frå kommunen
Presentasjon av konseptskisser
Referat frå møtet
Skriftlege innspel etter møtet

Prosess

Fase 0
Utarbeide planprogram
Kommunen legg ikkje opp til noko medverking av planprogrammet, utanom høyring av planprogrammet. Det vil vere mogleg å komme med innspel til planarbeidet og innhald i planprogrammet i høyringsperioden. Den store medverkinga for å finne ut kva ein ønskjer i området er gjort i moglegheitsstudiane knytt til kommuneplanen sin arealdel som er under utarbeiding.

Når planprogrammet er fastsett av Formannskapet kan utarbeiding av planframlegget starte. Ein bør i denne fasen gjere stadanalyse, då denne skal vere eit grunnlagsdokument. Det kan vere lurt å gjere ein innleiande ROS-analyse og, for å avdekke fareområder/risiko. Den endelege ROS-analysen kan ein gjere når ein har valt eit alternativ for utbygging.
Fase 1
Utarbeide plangrunnlag
I samband med utvikling av plangrepet skal konsulent utarbeide 1 – 3 skisser for utbyggingskonsept. Desse skissene skal vere gjenstand for innspel/drøfting saman med interessentar i medverkinga.

Etter denne medverkingsrunden, vil konsulent saman med kommunen gjere ei tilråding på valt konsept, og presentere dette for politisk nivå (Plan- og forvaltningsutval, Formannskap og Kommunestyre) for å få ein prosessavklaring.

Det vil bli gjennomført arbeidsmøte med høyringsinstansar dersom det i samband med varsel om oppstart/høyring planprogram vert avdekka behov for det.
Fase 2
Utarbeiding avplandokument
Etter ein politisk forankring, arbeider ein vidare med valt alternativ, og lagar plandokument for dette. I denne fasen kan det vere aktuelt å presentere planen i regionalt planforum.  Juridiske og tekniske løysingar i planframlegget vert kvalitetssikra.
Fase 3
Offentleg handsaming og høyring av planframlegg og vedtak
Etter planframlegget er laga, skal det takast opp til handsaming administrativt og politisk i kommunen, og leggast ut til offentleg ettersyn og høyring i minimum 6 veker.  I høyringsperioden er det høve til å komma med innspel og merknader til planen. I denne perioden vil det vere aktuelt med open kontordag. På open kontordag vil planleggar sitje tilgjengeleg for innspel og spørsmål.

Når høyringsperioden er ferdig skal innspel og merknadar handsamast og planen kan bli justert før den takast opp til slutthandsaming og endeleg vedtak i kommunestyret.

Levende lokalsamfunn

Godt planlagde tettstadar gjev nødvendige rammer, men dei vert ikkje levande før dei vert fylt medaktivitet. Kommunen skapar aktivitet i eigen regi, der kulturfeltet er den viktigaste bidragsytaren. Resten vert skapt av frivillige lag og organisasjonar og av innbyggjarane. Denne satsinga skal bidra tilat Sogndal kommune vert ein god medspelar for dei som ynskjer å fylle lokalsamfunna sine med liv, røre og aktivitet.

Tiltak 1
Hjelp til å skape aktivitet
Lagsarbeid og anna frivillig innsats er overskotsaktivitet for dei fleste. Tilbakemeldingane frå lag ogorganisasjonar er tydelege på at ein ynskjer kommunen som ein aktiv medspelar, som delar på dei ressursane og den kompetansen ein har. Det strekk seg frå hjelp til å finne støtteordningar, skrivesøknadar til rådgjeving og hjelp knytt til bygg og jus.

Sogndal kommune skal sette heile det samlaarbeidet med å gje god hjelp i system, og etablere gode samspel med frivilligheita.
Tiltak 2
Skape gode møteplassar
Det ligg eit stort potensiale i å snakkast på tvers av frivillige lag og organisasjonar. Mange jobbar medliknande prosjekt, og fleire ser ofte dei same utfordringane. Eit prosjekt som kan opplevast som altfor stort for eit enkelt lag, kan vere lettare å løfte i lag.

Sogndal kommune skal ta initiativ til og skape gode møteplassar for dialog – på tvers mellom dei frivillige, og mellom frivilligheita og kommunen.
Tiltak 3
Bidra til felles infrastruktur
Store delar av lag- og organisasjonslivet har like behov for ulike typar infrastruktur, frå gode informasjonskanalar om det som skjer av aktivitetar, til tilgang på møterom med moderne fasilitetar. Kva skjer-appen er eit døme på ein slik infrastruktur, som oppstod etter dialog mellom kommune og frivilligheita.

Sogndal kommune skal sette dette arbeidet i system framover, og jobbe aktivt med å søke gode fellesløysingar som kjem mange frivillige lag og organisasjonar til gode.
Tiltak 4
Samspel med lokalsamfunna
Kvart enkelt lokalsamfunn er unikt, og vil trenge å bli møtt på sine premiss. Sogndal kommune skalsaman med dei ulike lokalsamfunna finne og ta i bruk gode måtar å jobbe i lag på. Gjennom dessestrukturane skal ein løfte opp problemstillingar og mogelegheiter til kvarandre, og finne gode måtar å gripe fatt i dei enkelte lokalsamfunna sine behov på.

Kommunen skal møte frivilligheita på einkoordinert og sams måte, og sektoren for samfunnsutvikling, kultur og innovasjon har eit særlegansvar for å jobbe med å bygge godt samspel mellom alle sektorane i kommunen og frivilligheita.

Idrett og anlegg

Dei tre tidlegare kommunane hadde alle anlegg for idrett som er mykje brukt, og viktige forlokalsamfunna sine. Det har vore ulik praksis knytt til eigarskap og drift av desse anlegga, og det behov for ein gjennomgang for å gje grunnlag for å etablere ein ny praksis, som legg prinsippet om likebehandling til grunn.

Kommunen har lange tradisjonar for samhandling med idretten om anlegg, og det er viktig å ta vare på og bruke dei formelle strukturane som er etablert.

Tiltak 1
Maksimere spelemiddelordninga
Spelemiddelordninga er svært viktig for anleggsutviklinga i kommunen. Samstundes er den teknisk innretta, og kan opplevast som krevjande å forstå.

Sogndal kommune skal drive eit arbeid som aktivt hjelper lag og organisasjonar som ynskjer å utvikle anlegg som kjem inn under spelemiddelordninga, og nytte forskotteringsordningane til å sikre rask realisering.
Tiltak 2
Treffsikre tilskotsordningar
Innbyggjarane treng ein kommune som er tydeleg til stades i tettstadane med publikumsfunksjonane sine. I eit samspel mellom biblioteka, frivilligsentralane og innbyggjarvert- funksjonen kan ein møte dette på ein heilt ny måte.

Gjennom perioden som strategien skal gjelde for vil ein gradvis jobbe fram nye lokalitetar for desse samla tenestene. Her skal frivilligheita takast med på råd, med mål om å forme dei på ein måte som også møter dei lokale behova for fysiske fasilitetar – frå møterom til samlingsstadar.
Tiltak 3
Samarbeid om idrettsbygg og-anlegg
Dei tre gamle kommunane hadde ulike måtar å rigge samarbeidet med idretten om bygg og anlegg. Det er behov for å få ein heilskapleg og god oversikt på no-situasjonen, og finne ein veg vidare som sikrar at dette vert gjort på ein berekraftig og rettvis måte.

Friluftsliv og livskvalitet

Mykje av Sogndal sin profil har dei siste åra vore knytt til friluftslivet – både sommar og vinter. Det er særskilt adressert i samfunnsplanen, som ein viktig føresetnad for samfunnsmålet livskvalitet, og i fleire av satsingsområda – spesielt skapt for aktiv livsstil.

Friluftslivet i Sogndal skal ikkje berre handle om toppturar og laussnøkøyring, men òg om kvardagsfriluftslivet som startar i sentrum eller der folk bur.

Tiltak 1
Friluftsliv som ressurs for stadutvikling
Ein fruktbar tettstad i Sogndal kommune skal ha ein tydeleg friluftslivsprofil, og arbeidet med å informere om og legge til rette for friluftsliv skal vere ein integrert del av arbeidet med stadutvikling. Her ligg det eit stort potensiale i å kople friluftsliv, kulturminne, planarbeid og måten kommunen forvaltar grønt- og parkområda på. Dette arbeidet skal settast i system, slik at friluftslivet vert ein viktig ressurs i stadutviklingsarbeidet.
Tiltak 2
Bidra til god tilrettelegging for friluftsliv der folk bur
Dei viktigaste friluftslivsmogelegheitene er dei som blir mest bruk. Friluftslivet skal i Sogndal kommune vere lett å ta i bruk for alle grupper – også for dei som treng tilrettelegging.

Det skal lagast eigne planar for å utvikle nærturar og nærfriluftsliv i alle tettstadane, som skal koplast på dei eksisterande løypenetta som ligg nær tettstadane.
Tiltak 3
Samarbeid med grunneigarar og frivillige
Skal ein lukkast med god tilrettelegging for friluftslivet er ein avhengig av å samskape med andre. Sogndal kommune skal jobbe på ein måte som løyser ut og bidreg til at frivillige kan ta del i arbeidet på sine premiss.

I tillegg skal ein ha som prinsipp å søke gode samarbeid med grunneigarane, og ta ei rolle som sikrar at grunneigarane sine interesser vert tekne på alvor.

Miljø og klima

Miljø- og klimaarbeidet i ein kommune er omfattande, og må jobbast med på tvers av heileorganisasjonen. I Sogndal kommune har ansvar for å følgje opp føringane frå samfunnsplanen, og bidra til utsleppsreduksjon, bevare sårbar natur og tilpasse oss eit klima i endring.

I tillegg skal Sogndal kommune ta ei aktiv rolle med å påverke lokalsamfunnet til å gjere mest mogeleg miljømedvitne val, slik at heile samfunnet er med å bevegar oss i retning av Parisavtala sine mål.

Tiltak 1
Ha god og oppdatert kunnskap
Den viktigaste føresetnaden for å gjere gode klima- og miljømedvitne val er å ha oppdatert kunnskap og innsikt. Det må jobbast systematisk med å få fram eit kunnskapsgrunnlag som gjev innsikt, og denne innsikta må delast og gjerast kjent – både internt i organisasjonen, og i samfunnet rundt oss.
Tiltak 2
Teste og utvikle måtar for å skape miljømedvit i samfunnet
Det finst ingen fasit på kva som må gjerast for å bevege verda i rett retning for å handtere klima- og miljøutfordringane.

Sogndal kommune skal vere nysgjerrig på ulike måtar å jobbe på for å skape miljømedvit i lokalsamfunnet, og jobbe saman med andre for å bygge arbeidet på oppdatert og riktig kunnskap, og for å ta i bruk det som ein kan lære frå andre.
Tiltak 3
Vere ein miljømedviten bestillar og forvaltar
Kommunen har stor indirekte påverknadskraft i måten ein gjere innkjøp på, og gjennom krava som vert stilt til dei ein skal samarbeide med. Dette gjeld også i rolla som forvaltar, der regelen skal vere at ein alltid vel det mest miljømedvitne alternativet der det er mogeleg.